Bolstad
hovedside

gardsdrift

løfteinnretningar
kontroll
utstyr

brannvarsling
kontroll
utstyr

konsulenttenester

kontakt
Talje
  TKS-talje med løpekatt

Bolstad Kranservice skaffar utstyr frå alle dei viktigaste produsentar og leverandørar av slikt utstyr.
Av norske produsentar er T. Kverneland & Sønner AS (TKS) den viktigaste og einaste norske produsent av taljar. Elles finst det mykje importert utstyr mest frå kontinentet.

I dag er vorte meir vanleg med fjernstyring av taljane. Dette er positivt både for bruk av utstyret og gjev betre sikring mot uhell for brukaren. Bolstad Kranservice kan skaffa fjernstyringar til dei fleste typar utstyr og samarbeidar med produsenten Fosen Elektro.

Det vert oppmoda om å ta kontakt ved planlegging av nye bygningar og ved ombygging av eksisterande. Det er sløsing med ressursar å montera utstyr som ikkje kan godkjennast av sakkyndig verksemd.
Bolstad Kranservice kan også skaffa alle typar fallsikringsutstyr. Generelt kan ein seia at til dømes jordbruket har altfor mykje skader som skuldast manglande sikringsutstyr.